Vladimir Aleksandrovitsj Torlopov () var president i Republikken Komi i Russland frå 15. januar 2000 til 2010.
Torlopov er av etnisk opphav komi. Han voks opp i landsbyen Maksakovka like ved Syktyvkar. Han var ferdig utdanna i 1971 ved Komi statlege pedagogiske institutt. Frå 1990 sat han i parlamentet i republikken Komi.
I desember 2001 vann han presidentvalet med 40 % av røystene, og vann dermed over den sitjande presidenten Jurij Spiridonov. Torlopov vart sett inn som president 15. januar 2002. I 2005 vart han nominert av presidenten i Russland, Vladimir Putin til ein ny periode som president i Komi. Dette vart samrøystes stadfesta av parlamentet i Komi 7. desember 2005.
Torlopov er gift og har to døtrer.
Kategori:Russiske politikarar