Auguste Bravais () var ein fransk fysikar og astronom.
Han var marineløytnant og professor i astronomi i Lyon og i fysikk ved École polytechnique i Paris. Han gjorde mange vitskaplege reiser, mellom anna i 1838–39 til Nord-Noreg og Svalbard. På denne reisa med korvetten «La Recherche» utførte han dei første målingane av strandlinja mellom Hammerfest og Alta, og påviste at høgda til strandlinjea over havet stig innover fjorden. Han gjorde viktige arbeid i krystalloptikk, og var den første som forklarte bygginga til krystalla ved å anta at molekyla er ordna i romgitter.
Kjelder Auguste Bravais. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014.
Kategori:Franske fysikarar Kategori:Franske astronomar Kategori:Franske mineralogar Kategori:Fysikarar på 1800-talet Kategori:Astronomar på 1800-talet Kategori:Folk frå Annonay Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Elevar ved École Polytechnique