Paolo Cesare Maldini () er ein italiensk tidlegare fotballspelar, fødd i Milano. Heile sin 24-år lange karriere spela han for AC Milan, ein klubb han vann sju sju italienske seriemesterskap, to europacup-finalar, tre meisterliga-titlar og eitt italiensk cupgull med. I alt spelte han åtte finalekampar i Europacupen og Meisterligaen, samt tre finalar i den italienske cupen.
Maldini vert rekna for å ha vore ein av dei beste forsvarsspelarane i fotball nokon gong. I sine yngre år spelte han venstreback, etter kvart vanlegvis som midtstoppar. Han kom på andreplassen i FIFA si kåring av årets spelar i verda. Far hans, Cesare Maldini, var ei tid italensk landslagstrenar.
Klubbspel Maldini debuterte for AC Milan som 16-åring, 20. januar 1985, og fekk fast plass på fyrstelaget sesongen etter. I 1988 var han med på å sikre Milan meistertrofeet i Serie A. Sesongen etter spela klubben seg fram til siger i Europacupen 1989, ein triumf som vart gjenteken i 1990. Med spelarar som nederlendarane Marco van Basten, Ruud Gullit og Frank Rijkaard, samt Maldinis eigne landsmenn Franco Baresi og Alessandro Costacurta, framstod Milan som den tids beste klubblag i Europa.
Åra 1992 til -94 vann Milan tre strake seriegull i Italia, ein treårsperiode som vart krynt med at laget vann Meisterligaen i 1994. Året i førevegen hadde klubben tapt den aller fyrste finalen i den nye turnerneringa, som kom i staden for Europacupen. I 1995 nådde Milan finalen i Meisterligaen for tredje året på rad, der Ajax vann 1-0.
Maldini vart italiensk seriemeister for sjette gong i 1999. Fire år seinare var han med på Milans dobbeltriumf, fyrst då han vart italiensk cupmeister for fyrste gong, sidan då Milan tok sitt andre trofe i Meisterligaen etter å ha vunne ein mållaus finalekamp mot Juventus etter straffeskyting. I 2004 vann Maldini sin sjuande og siste seriemeisterpokal. Etter å ha tapt finalen i Meisterligaen 2005 mot Liverpool FC, der Maldini opplevde si svartaste stund som Milan-spelar, fekk både han og klubben revansje mot nettopp Liverpool i Meisterliga-finalen 2007 med 2-1.
Maldini spelte sin siste offisielle kamp for Milan borte mot Fiorentina på Stadio Artemio Franchi i Firenze 31. mai 2009, ein kamp som enda med Milan-siger 2-0.
Til saman spelte Maldini 647 seriekampar for Milan og 161 kampar i dei europeiske turnerningane. Gjennom desse 808 klubbkampane stod han for 32 nettkjenningar, einast tre av dei i internasjonale kampar.
Landslagsspel Maldini spelte 126 landskampar for Italia i tida frå debuten 31. mars 1988 og fram til han sa nei til vidare landslagsspel etter fotball-VM i 2002. Han deltok i EM 1988, VM 1990 og 1994, EM 1996, VM 1998, EM 2000 og VM 2002. Maldini skåra sju landslagsmål for Italia.
Under VM på heimebane 1990 vart Italia og Maldini slått på straffeskyting i semifinalen mot Argentina, men vann bronsekampen mot England. Maldini spelte midtstoppar saman med klubbkameraten Franco Baresi då Italia tapte VM-finalen 1994 mot Brasil, ein tam kamp som vart avgjort med ei straffetevling. I 2000 var Maldini lagkaptein då Italia nådde EM-finalen i Rotterdam. Kampen mot finalemotstandar Frankrike gjekk til ekstraomgangar, der David Trézéguet vart kampvinnar då han skåra Frankrike sitt andre mål.
Merittar Vinnar av Europacupen 1989 og 1990 med AC Milan Vinnar av Meisterligaen 1994, 2003 og 2007 med AC Milan Italiensk seriemeister 1988, 1992, 1993, 1994, 1996, 1999 og 2004 med AC Milan Italiensk cupmeister 2003 med AC Milan VM-sølv 1994 for Italia VM-bronse 1990 for Italia EM-sølv 2000 for Italia
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Paolo Maldini» frå , den 4. juni 2014. Denne artikkelen bygger på «Paolo Maldini» frå , den 4. juni 2014.
Kategori:Italienske fotballspelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002