The Grand Wazoo er eit jazzfusionalbum frå 1972 av Frank Zappa and The Mothers. Det vart skrive og spelt inn under rekonvalesenstida til Zappa etter at han vart angripen i London. Albumet og føregjengaren Waka/Jawaka (juli 1972) består av storband-fusion og er ein vidareføring av stilen på Hot Rats (1969), som nytta eit mykje mindre band. Albumet vart det siste Zappa gav ut på Bizarre Records.

Innspeling og produkskjon The Grand Wazoo følgde tre album som hovudsakleg bestod av instrumentale stykke: Hot Rats (1969), Burnt Weeny Sandwich (1970) og Waka/Jawaka (juli 1972).

Dette var det tredje albumet som kom i ein periode der Zappa nytta rullestol og ikkje kunne turnere etter at han vart angripen og skubba av scenen og fall ned i orkestergrava under ein konsert i London.

I denne perioden produserte og skreiv Zappa det meste av musikken for Jean-Luc Ponty-albumet King Kong (1970).

Innhald

Medverkande Frank Zappa – gitar, perkusjon, vokal Janet Neville-Ferguson – vokal Sal Marquez – bass, trompet, vokal, blåseinstrument Mike Altschul – treblåseinstrument Earl Dumler – treblåseinstrument Tony «Bat Man» Ortega – treblåseinstrument Joanne Caldwell – vokal, blåseinstrument, treblåseinstrument Johnny Rotella – treblåseinstrument Fred Jackson – treblåseinstrument Malcolm McNabb – trombone, trompet in D Bill Byers – trombone Ken Shroyer – trombone, blåseinstrument Ernie Tack – blåseinstrument Bob Zimmitti – perkusjon Alan Estes – perkusjon Don Preston – Mini Moog Tony Duran – gitar, bottleneck gitar Erroneous (Alex Dmochowski) – bass Aynsley Dunbar – trommer George Duke – klaverinstrument, vokal «Chunky» (Lauren Wood) – vokal Joel Peskin – saksofon, treblåseinstrument

Andre medverkande

Ernie Watts – tenorsaksofon, C-melodisaksofon («Mystery Horn») soloen på «Cletus Awreetus Awrightus», treblåseinstrument Lee Clement – perkusjon Gerry Sack – phantom tamburin

Produksjon Produsent: Frank Zappa Lydteknikar: Kerry McNabb Arrangør: Frank Zappa Cover illustration: Cal Schenkel

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Grand Wazoo» frå , den 5. juni 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Tekst og informasjon

Kategori:Frank Zappa-album Kategori:Jazzfusion-album Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Reprise Records-album