Oscar dos Santos Emboaba Júnior, eller berre Oscar (), er ein brasiliansk fotballspelar som i 2014 spela for Chelsea i engelsk Premier League, og for landslaget til Brasil. Han var med på å vinna Europaligaen med Chelsea i 2012/13-sesongen. Med Brasil sitt landslag vann han Confederations Cup, også kjent som prøve-VM, i 2013, og tok OL-sølv i 2012.
Kategori:Brasilianske fotballspelarar Kategori:Chelsea-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014