«Find Her Finer» er ein song frå 1976 av Frank Zappa frå albumet Zoot Allures. Songen vart innspelt med leppene til Zappa ekstremøt nær mikrofonen, for å skape ein intim lyd. Roy Estrada syng falsettvokal for å skape ein komisk effekt i songen. Han vart gjeven ut som den første singelen frå Zoot Allures, men selde dårleg, i motsetnad til den andre singelen «Disco Boy». Ein raskare jazzversjon frå eit konsertopptak finst på albumet The Best Band You Never Heard in Your Life. Han vart spelt på konsertar i 1976 og 1988.

Tyding I følgje songen meiner Zappa den beste måten å overtale ei jente er å syne at du er mindre intelligent enn ho. Han meiner dette kjem av at kvinner ikkje bryr seg om smarte menn, men heller ein romantisk mann. Dette er ein parallell til stereotypien om at men helst vil ha uintelligente kvinner.

Innhald 7"

A».Find Her Finer» - 3:18 B».Zoot Allures» - 4:18

Musikarar Frank Zappa –gitar, synthesizer, bass, klaverinstrument, solovokal Terry Bozzio – trommer, korvokal Andre Lewis – korvokal Roy Estrada – korvokal Ruben Ladron de Guevara – korvokal Captain Beefheart – munnspel (omtalt som «Donnie Vliet»)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Find Her Finer» frå , den 11. juni 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Frank Zappa-songar Kategori:Songar skrivne av Frank Zappa Kategori:Songar frå 1976