mini|Bogurodzica-manuskriptet frå 1407. mini|Styrkar frå Det polsk-litauiske samveldet syng «Bogurodzica» før slaget. Måleri av Józef Brandt frå rundt 1909.
«Bogurodzica» (, 'Guds mor') er ein salme som er den eldste kjende diktteksten på polsk. Den eldste nedskrivne versjonen av songen er frå 1407, men opphavet hans er eldre. Diktaren og komponisten av songen er ukjend. «Bogurodzica» opnar med ei lovprising av jomfru Maria og ei bøn til henne om å få nåde frå sonen hennar. Deretter rettar han seg mot Jesus sjølv i ei bøn om frelse.
Songen har ei viktig tyding i polsk kultur, og verker å ha vore velkjend på 1400-talet. Han blei sungen før slaget ved Tannenberg (Grunwald) i 1410 og under slaget ved Varna i 1444. Han blei også brukt ved kroninga av dei første kongane frå huset Jagello. På 1500-talet blei han mindre viktig. Det arkaiske språket og den monofoniske, modale musikken gjer han vanskeleg å synga for den moderne allmugen. Songen blir likevel framleis framført i polske kyrkjer og kloster.
Tekst
Bruk i moderne musikk Andrzej Panufnik - Sinfonia sacra (1963) Wojciech Kilar - Bogurodzica for kor og orkester (1975) Krzysztof Meyer - Symfoni no. 6 'Polsk' (1982)
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Bogurodzica» frå , den 16. juni 2014.
Bakgrunnsstoff
BOGURODZICA, Polish Music Reference Center. Artikkel med RealAudio-versjonar av songen. «Bogurodzica» i Mp3-format «Bogurodzica» på mange språk Polsk litteratur omsett til engelsk: «Bogurodzica»
Litteratur Bogurodzica. Oprac. J. Woronczak, wstęp językoznawczy E. Ostrowska, oprac. muzykologiczne H. Feicht, Wrocław 1962. Biblioteka Pisarzów Polskich. J.Birkenmajer, Bogurodzica Dziewica. Analiza tekstu, treści i formy, Lwów 1937. S.Urbańczyk, "Bogurodzica". Problemy czasu powstania i tła kulturalnego, w: Prace z dziejów języka polskiego, Wrocław 1979. A.Czyż, Bogurodzica - między Wschodem i Zachodem. Kilka myśli o duchowej jedności Europy, w: Światło i słowo. Egzystencjalne czytanie tekstów dawnych, Warszawa 1995
Kategori:Polske nasjonalsymbol Kategori:Salmar Kategori:Polske dikt Kategori:Tidleg polsk litteratur Kategori:Mellomalderlitteratur