Tampico er ein by ved Mexicogolfen som ligg sør i den meksikanske delstaten Tamaulipas, ved grensa til Veracruz. Tampico er ein viktig hamneby og jernbaneendepunkt. Byen ligg sentralt i eit område med rike oljefelt, og var lenge rekna som verdas største oljehamn.

Ved folketeljinga i 2010 hadde Tampico 297 284 innbyggjarar.INEGI Consulta de Resultados del Conteo 2010 Dette utgjer rundt 10 % av alle innbyggjarane i delstaten.

Økonomisk er petroleumsraffinering, kjemisk industri, treindustri, skipsverft og fiske- og fiskeforedlingsindustri viktige næringar. Byen er også ein turiststad, og det er mellom anna mogleg å driva med jakt og fiske her.

Historie mini|venstre|Litografi av Tampico frå 1836. Dagens by blei grunnlagd 13. april 1823. Det hadde då allereie vore europeiske koloniar her, som ein misjon skipa i 1832 og ei busetjing kalla San Luis de Tampico frå 1554. Ho blei forlaten i 1684 etter fleire sjørøvaråtak. Pánucoelva som byen ligg ved hadde vore folkesett i lang tid før dette, hovudsakleg av huastecfolk.

I august 1829 blei Tampico invadert av spanske troppar frå Cuba, som eit siste forsøk på å hindra meksikansk sjølvstende. I september tok meksikanske styrkar under general Santa Ana tilbake byen.

9. april 1914 oppstod ei usemje i Tampico mellom meksiskanske soldatar og amerikanske marinesoldatar frå USS «Dolphin». Dette førte til Tampico-affæren, med kamphandlingar og brot på diplomatisk samband mellom USA og Mexico, og ein amerikansk okkupasjon av Veracruz som varte i eit halvt år.

Universitetet i Tampico blei grunnlagd i 1972.

Kjelder

«Tampico» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 29. juni 2014.

Denne artikkelen bygger på «Tampico» frå , den 29. juni 2014.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Byar i Tamaulipas Kategori:Kommunar i Tamaulipas Kategori:Busetnader grunnlagde i 1823