mini|Den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt skriv under ei krigserklæring mot det japanske keisarriket 8. desember 1941, ein dag etter åtaket på Pearl Harbor. Krigserklæring er ei formell utsegn utført av ei nasjonal regjering - ofte av eit statsoverhovud - til ein eller fleire andre som seier at dei no er i krig. Haag-konvensjonen av 1907 gjer krav på at krigførande skal erklæra krig før eller like etter at krigshandlingar tek til.
Krigserklæringar før ein byrjar å kriga har aldri vore konsekvent praktiserte, og er nærast gått ut av bruk på grunn av den taktiske fordelen overraskingsmomentet gjev. Etter at Kellogg-Briand-pakten og seinare SN-pakten la ned forbod mot angrepskrig, kan krigserklæringar reknast som ulovlege i internasjonal lov. Krig med ikkje-statlege aktørar, som geriljagrupper eller terroristar, forhindrar gjerne også den tradisjonelle krigserklæringa.
Kjelder
«Krigserklæring» (12. desember 2013), Store norske leksikon. Henta 1. juli 2014.
Denne artikkelen bygger på «Declaration of war» frå , den 1. juli 2014.
Kategori:Diplomati Kategori:Krigslover