Sahnaya (arabisk صحنايا, òg skrive Sihnaya) er ein by sør i Syria i Rif Dimashq guvernement, sørvest for Damaskus i det vestlege Ghouta. Av stader i nærleiken finn ein Ashrafiyat Sahnaya, Darayya, Muadamiyat al-Sham, Judaydat Artuz, Khan Danun og Al-Kiswah. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Sahnaya eit folketal på 13 993 i 2004.Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Rif Dimashq guvernement. Byen er òg det administrative senteret i Sahnaya nahiyah som består av to småbyar med eit samla folketal på 44 512.

Historie Innbyggjarane i Sahnaya er hovudsakleg drusarar og gresk-ortodokse. St. Paulusgrotta nær byen er visstnok gøymestaden til apostelen Paulus då han vart forfølgd i Damaskus.Burckhard, 1822, s. 48.

Geografi og folkesetnad

Sahnaya ligg i eit landleg område og har eit varmt klima. Dei fleste husa er enkle, hovudsakleg laga av stein. Fordi han ligg ved Damaskus, ein av dei eldste byane i verda, har byen eit ganske slite og spartansk utsjånad. Innbyggjarane er hovudsakleg muslimar, men her finst òg nokre kyrkjer.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sahnaya» frå , den 3. juli 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Darayya-distriktet Kategori:Byar i Syria