Yabrud eller Yabroud (arabisk skrift يبرود) er ein by i Syria i Rif Dimashq guvernement, kring 80 km nord for hovudstaden Damaskus. Byen ligg i sida av Qalamunfjella (Anti-Libanonfjella) i ei høgd på 1 550 meter over havet.

Historie og kulturminne Byen er kjend for dei gamle grottene sine, mellom andre Iskaftagrotta (der den 30 år gamle reisande og seinare arkeologen Alfred Rust i 1930 fann viktige førhistorisk funn). Arkeologiske funn frå Natufi-kulturen, Yabrud III, er kalla opp etter byen.

Yabroud er nemnd i leirtavler frå Mesopotamia frå 100-talet f.Kr., og i Ptolemaios sine skrifter frå 100-talet.

Byen er kjend for Yabrud-tempelet, som ein gong var Jupiter Yabroudis-tempelet, men seinare vart Konstantin og Helena-katedralen. Ei av dei eldste kyrkjene i Syria står i Yabrud.

Folk frå Yabrud Foreldra til den argentinske presidenten Carlos Menem var begge fødde i Yabrud. Dei flytta til Argentina før slutten av fyrste verdskrigen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yabrud» frå , den 4. juli 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Byar i Syria Kategori:Busetnader i Yabrud-distriktet Kategori:Natufi-stader Kategori:Kongefamilien Emesa Kategori:Arkeologiske stader i Rif Dimashq guvernement