Al-Annazah (arabisk العنازة, òg skrive al-Annazeh) er ein landsby, kring 20 km nordaust for Tartus og 5 km frå Middelhavet. Han ligg mindre enn ein times køyretur frå Latakia og kring tre timar frå Damaskus. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Annazah eit folketal på 3 357 i 2004.Folketeljing 2004 . Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement. Innbyggjarane er hovudsakleg alawittar.
Åsane kring landsbyen er dekte med oliven og eik og mange grotter. Sjølv om det ikkje er nokre elvar i Al-Annaze, finst her mange dalar.
Naturparkar Det finst mange høve for fritidsaktivitetar kring Al-Annazah som fjellklatring, turar i dalane, jogging på åsane, sykkelturar og skogsturar. Det finst grotter og tette skogar i Ein Ibraheim-området, med ferskvatn, mange typar fuglar og ville dyr.
Klima Al-Annaze har middelhavsklima, med eit moderat til varmt og tørt vêr om sommaren og mildt og vått om vinteren. Vinteren er regnfull med høg fukt. Temperaturane i januar varierer normalt mellom 15 og 6 ºC. Augusttemperaturane varierer mellom 30 ºC på dagtid til 19 ºC om natta. Årsmiddelnedbøren i Al-Annaze er 850 mm, og det meste av dette kjem frå september til mai.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Al-Annazah» frå , den 5. juli 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Baniyas-distriktet Kategori:Byar i Syria