Kafr Buhum (arabisk كفر بهم, syrisk ܟܟܦܪ ܒܚܡ, Kafar Bouhoum) er ein by sentralt i Syria i Hama guvernement. Byen ligg 9 km sørvest for Hama, 210 km nord for Damaskus og 160 km sør for Aleppo. Av stader i nærleiken finn ein al-Rabiaa og Matnin i nordvest, Tayzin i nord, al-Khalidiyah i aust, Tell Qartal i søraust, Birin i sør og al-Muaa i sørvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Kafr Buhum eit folketal på 12 194 i 2004.Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Hama guvernement. Innbyggjarane er hovudsakleg kristne.Socin, 1912, s. 371. Han ligg 330 meter over havet.
Etymologi
Den første delen av namnet (Kfar) er syrisk og tyder «gard» eller «landsby». Den andre delen har fleire mogelege tydingar, som Ei fleirtalsform av ordet Pehmi som på syrisk tyder «klippe» eller «stein». Buhum som på syrisk tyder «ein sterk mann» . Kafr Abu som på syrisk tyder «stort hus». Kafr Ebham: Ebham er arabisk for «mini».
Historie Dei første husa i byen vart truleg bygde av folk som flytta dit frå dei kringliggande grottene. Spor indikerer at byen har eksistert i to tusen år. Byen vart religiøst viktig og har mange gamle kyrkjer, som St. Georgkyrkja.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kafr Buhum» frå , den 6. juli 2014. oppgav desse kjeldene: Kafr Buhum Gate Nettstad for Kafr Buhum
Kategori:Busetnader i Hama-distriktet Kategori:Landsbyar i Syria