mini|Ludlow i 2013.
Ludlow er ein spøkjelsesby i Las Animas County i Colorado i USA. Han er ein forlaten kolgruveby, og er særleg kjend for Ludlowmassakren som fann stad her i 1914. Den tidlegare busetnaden ligg ved byrjinga av ein canyon like oppunder Sangre de Cristo-fjella, ein del av Rocky Mountains. Han ligg langs vestsida av Interstate 25-vegen, om lag 19 km nord for byen Trinidad.
Ludlow var senter for ein bitter og langvarig konflikt mellom gruvearbeidarar og gruveeigarane. I løpet av fleire månader omkom over hundre arbeidarar og familiane deira, mange av dei i Ludowmassakren den 20. april 1914.
Ludlow-monumentet her er reist til minne om dei drepne i Ludlowmassakren. Fagforeininga United Mine Workers Association kjøpte massakreområdet i 1917 og reiste eit monument i granitt. I 2003 blei det utført hærverk på monumentet - to hovud og ein arm frå statuane blei brotne av og stolne. Dette gav støytet til ei kampanje for å reparera monumentet og få nasjonal anerkjenning for det. I 2009 fekk «Ludlow Tent Colony Site» status som «National Historic Landmark».
Kjelder
«History hike: Ludlow massacre site to the Hastings mining disaster», examiner.com Ludlow Town Colony Site, National Historic Landmark program Mike McPhee, «Mining strike site in Ludlow gets feds' nod», The Denver Post (06/28/2009)
Delar av denne artikkelen bygger på «Ludlow, Colorado» frå , den 8. juli 2014.
Bakgrunnsstoff Bilete og informasjon om Ludlow (ghosttowngallery) Spøkjelsesbyinformasjon (ghosttowns.com) Kart til Ludlow
Kategori:Spøkjelsesbyar i USA Kategori:Tidlegare busetnader i Colorado Kategori:National Historic Landmark i Colorado