Bornitt er ein broket kopar i form av ein rik koparerts som ofte finst saman med chalkositt (koparglans). I Noreg er det særleg utbreitt på ertsførekomstar i Telemark. På frisk brotflate er mineralet bronsefargea (gjerne kalla tambakbrunt), men det får lett ein blåleg anløpsfarge. Bornitt og chalkositt kan likne særs mykje på kvarandre, men chalkositt er svart på frisk brotflate. Bornitt er eit sulfid av kopar og jarn, Cu5FeIS4, krystalliserer kubisk og er relativt bløytt.
mini|venstre|Lett iriserande bornittkrystall på kvartsnåler frå Kasakhstan (storleik: 3.6 x 2.2 x 1.2 cm)
Det er kalla opp etter Ignaz von Born frå Austerrike-Ungarn.
Kjelder Bornitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Koparmineral Kategori:Jernmineral Kategori:Sulfidmineral Kategori:Ortorombiske mineral