MF «Sveio» er ei bilferje levert frå Ankerløkken Verft i Florø i juni 1967 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).

Ho gjekk inn i ruta Leirvik-Ranavik-Sunde, der ho gjekk det meste av karrieren. 12. desember 1995 vart ferja selt til Suomen Saaristolaivat i Finland og skifta namn til MF «Aspö». Ho gjekk her i ruta Pärnäs–Aspö-Nötö-Jurmo-Utö. Ferja er per juli 2014 framleis i fart.

MF «Sveio» vart bygd som systerskip til MF «Skånevik» og MF «Odda».

Ferjeruter 1967-1994: Leirvik-Ranavik-Sunde 1987-1989: Flatråker-Huglo-Jektevik 1994-1995: Skjersholmane-Utbjoa 1996 - ?: Åbo - Pärnäs - Nötö - Aspö - Jurmo - Utö - Kökar ? - ... : Åbo - Pärnäs - Utö (berre som passasjerskip)

Kjelder Skipet.no Sveio på Fjordfähren (tysk)

Bakgrunnsstoff Aspö på marinetraffic.com

Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1967 Kategori:Skip bygde ved Ankerløkken Verft Kategori:1967 i Noreg