Tøtlandsvik-Vindsvik var eit ferjesamband i Rogaland mellom Tøtlandsvik og Vindsvik over Jøsenfjorden.

Ruta var i drift frå 1965 til 1989, då Hjelmeland-Nesvik-Skipavik tok over for denne ruta. Dei første ti åra var det Jøsenfjord Rutelag som dreiv ruta, før Det Stavangerske Dampskipsselskap (DSD) tok over i 1975 og fram til 1989.

MF «Jøsenfjord-ferjen» gjekk i ruta frå 1965 til 1981 og igjen frå 1982 til 1986. Frå 1969 til 1986 gjekk òg MF «Rennesøy» i ruta, og dei siste åra gjekk MF «Hjelmeland» i ruta.

Kjelder Ferjestader i Rogaland

Bakgrunnsstoff Gammalt bilete frå Tøtlandsvik

Kategori:Tidlegare ferjesamband i Rogaland Kategori:Samferdsle i Hjelmeland Kategori:Skipingar i 1965 Kategori:Nedleggingar i 1989