Dreiherrnspitze er ein 3 499 meter over havet høg fjelltopp i Hohe Tauern i Alpane, på grensepunktet mellom den italienske provinsen Bolzano og dei austerrikske forbundslanda Tirol og Salzburg. Fjellet ligg vestlegast i fjellrekka Tauernhauptkamm.
Dreiherrnspitze består av to toppar, den austlege hovudtoppen og den 3 418 moh høge vesttoppen. Landegrensa mellom Austerrike og Italia går over begge toppane. Den i kring 450 meter høge nordaustveggen stig i over 60°.
Fjellet vart stige fyrste gongen i 1861 av lokale folk som la til rette for at det kunne utførast militær kartlegging av landområdet. Fjelltoppen Dreiherrnspitze er grei å nå frå sørvestsida. Austsida av fjellet vart klatra fyrste gongen midt på 1920-talet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dreiherrnspitze» frå , den 19. juli 2014.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike Kategori:Fjell i Italia