Celsian er eit barium-feltspat, BaAl2Si2O8.

Rein celsian er ikkje funne i Noreg, men blandkrystallar av celsian og kalifeltspat, hyalofan, er typisk for einskilde mineralganger på Kongsberg, og er òg kjent frå kalkspatfylte sprekkar i bergarta rauhaugitt i Fensfeltet.

Det er kalla opp etter Anders Celsius.

Kjelder Celsian. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/celsian.

kategori:Bariummineral kategori:Aluminiummineral kategori:Feltspat kategori:Monokline mineral