Weißseespitze er ein 3 518 meter over havet høg fjelltopp i Ötztaleralpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol.
Fjellet ligg ved vestenden av isbreen Gepatschferner og er for ein stor del bredekt. Mot nord stuper Weißseespitze i ein 500 meter høg bergvegg ned mot breen Weißseeferner og øvste delen av Kaunertal.
I 1870 vart Franz Senn, V. Von Mayrl, J. Wanderer og føraren I. Schöpg dei fyrste til å nå toppen av Weißseespitze.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Weißseespitze» frå , den 23. juli 2014.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike Kategori:Fjell i Italia