Watzespitze er eit 3 532 meter over havet høgt fjell i Ötztaleralpane i det austerrikske forbundslandet Tirol, og er den høgste toppen på fjellryggen. Den markante dobbeltoppen, sørtoppen av fjellet ragar 3 501 moh stupbratt over sørdelen av fjellskaret Madatschjoch, gjev eit overveldande inntrykk med sine hengebrear, bratte egger og bergveggar.

Alois Ennemoser vart fyrstemann på Watzespitze då han i 1869 klatra til topps åleine. Han nytta ei rute over isbre som i dag har smelta vekk. Alle ruter til topps på fjellet krev klatring.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Watzespitze» frå , den 24. juli 2014.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike