Republikken Kypros (gresk Κυπριακή Δημοκρατία Kypriakí Dimokratía, tyrkisk Kıbrıs Cumhuriyeti) er ein øystat aust i Middelhavet, 113 km sør for Tyrkia og rundt 12 mil vest for kysten til Syria. Sidan ein tyrkisk invasjon i 1974 har øya Kypros de facto vore delt i ein gresk og ein tyrkisk del, Republikken Kypros og Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Nord-Kypros er ikkje internasjonalt anerkjent av andre land enn Tyrkia. Kypros har vore medlem av EU sidan 2004.
Geografi
Republikken Kypros utgjer dei sørlege to tredjedelane av øya Kypros. Landskapet i republikken består hovudsakleg av to område: Tróodosfjella i vest og sletta Mesaoría i aust. I Troodos ligg fjellet Ólymbos, som er det høgaste fjellet på øya med ei høgd på 1 952 meter. Den delte hovudstaden Levkosía ligg om lag midt på Mesaoríasletta.
Kategori:Land i Europa Kategori:Land i Asia Kategori:Land i Midtausten