Windacher Daunkogel er ein 3 348 meter over havet høg fjelltopp i Stubaialpane, i forbundslandet Tirol i Austerrike. Toppen er den vestlegaste i hovudfjellkjeda i Stubaialpane. Frå toppen svingar fjellkjeda mot sør og Warenkarseitenspitze og mot nordvest og den såkalla Sulztalkammen. Nord for fjelltoppen breier isbreen Sulztalferner seg.

H. Buchner og F. Jenewein vart i 1876 dei fyrste på Windacher Daunkogel.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Windacher Daunkogel» frå , den 28. juli 2014.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike