Gjellebekkmarmor er ein marmor og kalkstein frå Lier i Viken. Han vart nytta til bygningsstein og til tider arbeidde opptil tusen mann i brota mellom Oslo og Drammen. Mellom anna vart steinen nytta til Frederikskirken, òg kjent som Marmorkirken, i København. Det meste av produksjonen gjekk likevel som kalkstein til kalkbrenning og seinare sement.

Kong Frederik V av Danmark-Noreg vitja marmorbrotet i 1748 og i høve hendinga vart det reist ein obelisk.

Kjelder

Kategori:Marmor Kategori:Kalkstein Kategori:Geologi i Buskerud Kategori:Lier kommune