Klockerin er eit 3 422 meter over havet høgt fjell i Glockner-massivet i Hohe Tauern i Alpane, i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Nordvestveggen på fjellet er om lag 920 meter høg og stig i eit gjennomsnitt på 54°. Særleg mot vest, frå fjellvatnet Stausee Mooserboden framstår Klockerin som eit veldig, skinande massiv.

Fjelltoppen vart vitja fyrste gongen den 18. september 1869 av den tyske fjellklatraren Karl Hofmann og kjøpmannen Johann Stüdl, i fylgje med fjellførarane Thomas Groder og Josef Schnell frå landsbyen Kals am Großglockner. Same dagen vart dei fire også fyrstebestigarar av Hintere Bratschenkopf og Große Bärenkopf.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Klockerin» frå , den 31. juli 2014.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike