Kassiteritt er den einaste tinnmalmen av tyding. Det er eit mineral som består av tinndioksid, SnO2, med teoretisk tinninnhald 78,6 %, men inneheld ofte ein del jarn og andre bestanddelar. Det er for det meste svart eller brunt, sjeldnare fargelaust eller gulraudt, med ljos strek og diamantglans. Mineralet er isotypt med rutil og pyrolusitt.

Finst primært vesentleg i greisen, på hydrotermalgangar og granittpegmatittar, dessutan i sand og grus på sekundære avsetningar. Verdas gruveproduksjon av tinn er på noko over 200 000 tonn med Brasil, Indonesia, Malaysia og Kina som dei viktigaste produsentlanda. Førekomstar i Europa er no av liten økonomisk tyding (Böhmen og Sachsen; gruvedrifta i Cornwall var viktig i bronsealderen). Kassiteritt er i Noreg mellom anna kjent i små mengder frå Bleikvassli gruver og frå Tørdal i Telemark.

Kjelder Kassiteritt. (2013, 16. januar). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/kassiteritt.

Bakgrunnsstoff

kategori:Tinmineral kategori:Oksydmineral kategori:Rutilgruppa kategori:Tetragonale mineral