Leucitt er eit mineral i feltspatoid-gruppa, fargelaust til gråleg kvitt, kjemisk eit kalium-aluminium-silikat, KAlSi2O6. Leucitt finst som velutvikla krystall i kalirike lavabergartar (leucitt-basalt, leucititt), mellom anna kjent frå Vesuv, der lause krystall av leucitt kan falle ned saman med vulkansk oske ved utbrot. Mineralet kan ikkje finnast saman med kvarts, som det reagerer med under danning av feltspat. Det krystalliserer kubisk ved temperaturar over 605 °C, og tetragonalt under. Krystallforma er oftast eit såkalla ikositetraeder eller leucitoeder, eit regulært polyeder avgrensa av 24 flater.
Kjelder Leucitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/leucitt.
Bakgrunnsstoff
kategori:Feldspatoid kategori:Kaliummineral kategori:Aluminiummineral kategori:Tetragonale mineral