Palygorskitt eller attapulgitt er eit leirmineral som dannar kvite til grå, fibrige matter. Dei opptrer ofte på sprekkar i bergartar som såkalla berglêr eller bergkork. Det er eit vasshaldig magnesium-aluminiumsilikat, (Mg,Al)2Si4O10(OH)·4H2O, og strukturmessig er det eit sjiktgittersilikat med tydeleg kjedestruktur.

Namnet attapulgitt kjem frå den amerikanske byen Attapulgus i Georgia, der det finst mykje av mineralet. Namnet palygorskitt er gjeven etter staden i Uralfjella der det først vart oppdaga.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

kategori:Magnesiummineral kategori:Medisinsk leire kategori:Leirmineral kategori:Antidiarroika