Periklas er eit mineral som er naturleg hendande magnesiumoksid, MgO. Det krystalliserer kubisk og finst oftast i metamorfe kalksteinar og dolomittar.
Periklas kan vere særs utbreidd i mantelen til jorda, der det høge trykket fører til nedbryting av olivinsamansetjingar til enkle oksid med mykje tettare pakning av atoma. Eksperimentelle undersøkingar har vist jernrik periklas (ferroperiklas) danna saman med perovskitt under trykk- og temperaturforhold ved eit djup på 660 kilometer.
Det er ikkje sikkert påvist i Noreg.
Kjelder Periklas. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
kategori:Magnesiummineral kategori:Oksydmineral kategori:Kubiske mineral