Pyrargyritt, mørkeraudgyldigerts eller antimonsølvblende, er eit blautt, mørkeraudt til svart mineral, eit sølvhaldig sulfosalt, Ag3SbS3, som krystalliserer trigonalt. Det er ein ganske viktig sølverts, til dømes i Chile og Mexico. I Noreg er det kjent mellom anna frå Kongsberg.

Den tilsvarande arsensambindinga er proustitt.

Kjelder Pyrargyritt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/pyrargyritt.

kategori:Antimonmineral kategori:Sølvmineral kategori:Svovelsaltmineral kategori:Trigonale mineral