Sjeldne jordartar, ofte forkorta REE av det engelske rare-earth elements, er eit samleomgrep for inntil 17 ulike grunnstoff og vert nokre gonger òg nytta om minerala dei dannar.«Norge kan tjene på konflikt» – Aftenposten 15. mars 2012, side 6. Særleg omfattast grunnstoffa 21 scandium, 39 yttrium og lantanoidane: 57 lantan til 71 lutetium. Sjeldne jordartar er svært kompatible med bergartsdannande mineral, og iona deira er derfor nokre av dei siste som krystalliserer i residualsmelten. Då dei samstundes er radioaktive, vil denne fraksjoneringa skape lokal oppvarming. Stoffa vert nytta i produksjonen av bilar og fleire forbruksvarer.
Folkerepublikken Kina stod i 2011 for inntil 97 prosent av verdsproduksjonen av fleire av dei sjeldne jordartane, men det er samstundes store reservar av slike råstoff i Noreg. I 2010 innførte den kinesiske regjeringa eksportrestriksjonar og utførselen av sjeldne jordartar fall med 40 prosent. Dette medførte ein tidobling av prisane på verdsmarknaden frå 2009 til 2010, og er truleg motivert i kinesisk ønske om å tiltrekke seg industriproduksjon som er avhengig av desse råvarene. Året etter avga WTO ein foreløpig dom om at det kinesiske eksportrestriksjonen braut med pliktene til landet som WTO-medlem, etter klagemål frå USA, EU og Mexico. I 2012 gjekk òg Japan med i ei formell stemning av Kina for WTO, som midt i mars fekk ein seksti dagars frist til å imøtegå skuldingane.
På månen inngår dei sjeldne jordarane i KREEP, som er eit akronym for bestanddelane K, REE og P.
Liste over sjeldne jordarar AtomnummerNamnEtymologi21Scandiumlatin Scandia; Skandinavia39Yttriumetter Ytterby gruve i Sverige57Lantangresk lanthanon; «eg er gøymd»58Ceriumetter den romerske fruktbarhetsgudinna Ceres59Praseodymiumgresk praso; «porregrøn» tvilling60Neodymiumgresk neo; «ny» tvilling61Promethium etter Prometheus som gav menneska elda i gåve62SamariumVasilij Samarskij-Bykhovets oppdaga den sjeldne jordartsmalmen samarskit.63EuropiumDemarcay isolerte grunnstoffet og oppkalla det etter Europa64Gadoliniumetter Johan Gadolin (1760-1852) fordi han undersøkte sjeldne jordartar65Terbiumetter Ytterby gruve i Sverige66Dysprosiumgresk dysprositos; «vanskeleg å få tak i»67Holmiumlatinsk Holmia; Stockholm.68Erbiumetter Ytterby gruve i Sverige69Thuliumetter det mytiske landet Thule.70Ytterbiumetter Ytterby gruve i Sverige71Lutetiumlatinsk Lutetia, det romerske namnet på Paris.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sjeldne jordarter» frå , den 8. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Grunnstoffgrupper Kategori:Metalliske grunnstoff