Stephanitt er eit sølvhaldig ertsmineral med formel Ag5SbS4.
Under namnet schwarzerz vart det nemnt av Georgius Agricola i 1546, og har sidan vore kjend som «svart sølvmalm» (tysk Schwarzgultigerz), sprø sølvmalm (Sprödglanzerz), og anna. Namnet stephanitt vart føreslått av W Haidinger i 1845 etter erkehertug av Austerrike Stefan Frans Viktor av Habsburg-Lorena (1817-1867).
Det er påvist som eit sjeldan mineral frå sølvførekomstane på Kongsberg og mikroskopisk frå Espeland blyførekomst i Vegårshei.
Kjelder Stephanitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/stephanitt.
Bakgrunnsstoff
kategori:Sølvmineral kategori:Antimonmineral kategori:Svovelsaltmineral kategori:Ortorombiske mineral