Tellurisk jarn eller terrestrisk jarn er eit metallisk jarn danna på jorda. Fordi jarn normalt blir lett oksidert, er tellurisk jarn særs sjeldan og blir berre danna under heilt spesielle tilhøve, som når jernrike lavaer treng gjennom kollag. Det er kjent mellom anna frå Disko på Grønland. Det skilst frå meteorisk jarn ved mikrostrukturen.

Kjelder Tellurisk jern. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/tellurisk_jern.

kategori:Metall kategori:Legeringar kategori:Native element kategori:Kubiske mineral