Thaumasitt er eit kvitt mineral, som opptrer i massiv til fibrig form. Det er eit vasshaldig kalsiumsilikat med karbonat- og sulfatgrupper, og er interessant fordi det inneheld silisium i den uvanlege seks-koordinasjonen, dvs silisium er omgjeve av seks oksygenatom (eller hydroksyl). Den kjemiske formelen er Ca3Si(OH)6(CO3)(SO4)·12H2O. Mineralet krystalliserer heksagonalt.
Det vart først skildra i 1878 i Sverige. Det har fått namn frå det greske ordet for «overrasking» og -itt, og syner til den uvanlege kjemiske samansetjinga.
I Noreg er det kjent frå Lierskogen, Nordfjordeid, Geiranger, Stryn, Mofjellet og Sulitjelma.
Kjelder Thaumasitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/thaumasitt.
kategori:Kalsiummineral kategori:Sulfatmineral kategori:Karbonatmineral kategori:Sement kategori:Betong kategori:Hydrat