Spania debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København, Danmark, med songen «Desde el cielo», framført på spansk av songeren Sergio. Bidraga vart, i perioden 2003 til 2006, valde gjennom den nasjonale finalen Eurojunior, arrangert av den spanske kringkastaren Televisión Española.
I 2019 returnerte Spania til Junior Eurovision Song Contest, etter å ha sist deltake i tevlinga i 2006. Bidraga vart valde internt av den spanske kringkastaren. 24. juli 2019 vart Melani García presentert som spansk bidrag, med songen «Marte».
Spania er eit av dei mest suksessrike landa i tevlinga. Landet vann tevlinga i 2004, med songen «Antes muerta que sencilla», framført av María Isabel. Ho fekk den høgaste poengsummen i tevlinga si historie, med 171 poeng. I 2015 vart rekorden slegen, då Malta vann tevlinga. I tillegg har Spania komme på andreplass to gongar, i 2003 og 2005, og to tredjeplassar i 2019 og 2020. Fram til 2020 hadde alle dei spanske bidraga i Junior Eurovision Song Contest hamna blant dei fire beste.
Bidraga i Junior Eurovision Song Contest År Artist Song Språk Plass Poeng 2003 Sergio «Desde el cielo» Spansk 2 125 2004 María Isabel «Antes muerta que sencilla» Spansk 1 171 2005 Antonio José «Te traigo flores» Spansk 2 146 2006 Dani Fernandez «Te doy mi voz» Spansk 4 90 2019 Melani García «Marte» Spansk 3 212 2020 Soleá «Palante» Spansk 3 133 2021 Levi Díaz «Reír» Spansk 15 77 2022 Carlos Higes «Señorita» Spansk og engelsk 6 137 2023 Sandra Valero
Røystehistorikk
+ Spania har gjeve flest poeng til Nr. Land Poeng 1 42 2 38 3 32 4 30 5 29
+ Spania har fått flest poeng frå Nr. Land Poeng 1 54 2 47 3 44 4 43 5 42
Galleri
Kjelder
Spania i Junior Eurovision Song Contest
Denne artikkelen bygger på «Spain in the Junior Eurovision Song Contest» frå , den 19. august 2014.
Kategori:Land i Junior Eurovision Song Contest Kategori:Spansk musikk