The Man from Utopia er eit musikkalbum frå 1983 av Frank Zappa. Albumet er kalla opp etter ein song frå 1950-åra, skriven av Donald og Doris Woods, som Zappa spelar som ein del av «The Man from Utopia Meets Mary Lou».http://globalia.net/donlope/fz/lyrics/The_Man_From_Utopia.html#Utopia
Produksjon
«The Dangerous Kitchen», «Moggio» og «The Jazz Discharge Party Hats» vart alle førebudd for eit anna Zappa-album, Chalk Pie, som vart skrinlagd etter at piratkopiar av albumet kom ut på marknaden.
Plateomslaget vart laga av RanXerox-artisten Tanino Liberatore. Det syner Zappa på scenen som prøver å ta livet av mygg. Dette syner til ein konsert bandet heldt i Italia i 1982, då ein myggsverm gjekk til åtak på bandet under konserten.
Musikk og tekst
Opningssporet «Cocaine Decisions» er eit åtak på doppåverka forretningsmenn framført med eit ironisk muntert munnspel. «The Dangerous Kitchen» er ein satire om skitne, rotete kjøken, særleg Zappa sitt eige kjøken. «Stick Together» er eit lidenskapleg åtak på alle unionar generelt, men særleg dei dei kontrollert av organisert kriminalitet. «The Radio Is Broken» er ein satire over 50-tals sci-fi B-filmar. «SEX» er ein direkte, brutal song som hyllar temaet i songen. «Mary Lou/Man From Utopia»-medleyen er ein doo-wop-song.
På «Kitchen» og «The Jazz Discharge Party Hats» fekk Zappa gitariten Steve Vai til å legge gitar oppå det same som Zappa song, perfekt for kvart ord og staving. Vai rekna dette som det vanskelegaste han nokon gong hadde gjort som musikar. Det kravde mellom anna at han måtte stemme gitarstrengane fleire gonger for å matche dei forskjellige tonehøgdene i stemma til Zappa. Denne uniken overdubbinga var noko Zappa berre gjorde denne eine gongen. Komponisten Peter Eötvös sa i eit intervju:We share the same background - Peter Eötvös remembers Frank Zappa (zappa.hu) «Dangerous Kitchen», frå albumet «The Man From Utopia», voks til å bli eit grunnleggande stykke for meg, særleg i seinare år, etter at eg byrja å arbeide med operaer. Teknikken han nyttar, og særleg på denne songen, er særs interessant: Han er halvvegs sungen, halvvegs talt, ikkje ulikt Sprechgesang, men det som gjer det interessant er at han akkompagnert med ein instrumental solo. Eg vart overraska over å finne ut at gitaren vart spelt inn separat. Det verkar å vere så synkront. Eg var overtydd om at Zappa hadde sunge og spelt dette samstundes. Uansett er sjølve teknikken, ideen om «det syngande instrumentet»frå «Dangerous Kitchen».
Det originale albumet avslutta med ein instrumental på kvar side: «Moggio» og «We Are Not Alone» med Marty Crystal på barytonsaksofon. Ein tredje instrumental, «Tink Walks Amok», har fått namnet siett frå kallenamnet til Arthur Barrow (Tink), og eit uttrykk (walking amok) for det 'robotar ute av kontroll' gjorde i gamle sci-fi-filmar.
Utgjeving
Albumet vart gjeve ut på vinyl i 1983. Ei uautorisert CD-utgåve (med unntak av ein remiksa «Moggio») vart gjeven ut av EMI i Storbritannia i 1986. Albumet vart gjeve ut på ny på CD i 1993 av Barking Pumpkin. Seint i 1995 kom ein identisk versjon på Rykodisc.
Innhald
Medverkande Frank Zappa – gitar, vokal, trommemaskin, ARP 2600 Steve Vai – gitar, akustisk gitar Ray White – gitar, vokal Roy Estrada – vokal Bob Harris – gutesopran Ike Willis – vokal Bobby Martin – klaverinstrument, saksofon, vokal Tommy Mars – klaverinstrument Arthur Barrow – klaverinstrument, bass, mikrobass, rytmegitar Ed Mann – perkusjon Scott Thunes – bass Chad Wackerman – trommer Vinnie Colaiuta – trommer Craig Twister Steward – munnspel Dick Fegy – mandolin Marty Krystall – saksofon
Salslister Album - Billboard (Nord-Amerika) ÅrListePlassering1983Pop Albums153
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Man from Utopia» frå , den 22. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Frank Zappa-album Kategori:Musikkalbum frå 1983 Kategori:Barking Pumpkin Records-album