Dora (arabisk الدورة) er ein forstad nord for Beirut i Matn distrikt i Libanonfjella guvernement. Forstaden har handels- og bustadområde. Dora vert administrert av Bourj Hammoud kommune.
Demografi Dora er hovudsakleg ein kristen forstad i Beirut, men folk frå andre trusretningar bur her òg. Utanlandske arbeidarar, hovudsakleg egyptarar, irakarar og folk frå Sri Lanka bur i dei billigare områda.
Økonomi Dora er ein av dei travlaste forstadane i Beirut med mange føretak og fabrikkar. Dora handelssenter er eit fleirbrukssenter og eit av dei største kjøpesentera i Libanon, City Mall. Her er òg kino.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dora i Libanon» frå , den 23. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Libanonfjella guvernement Kategori:Matn distrikt