Henrik Klaveness () var ein norsk skipper, gardbrukar og stortingsmann frå Sandar i noverande Sandefjord kommune.

Klaveness var fødd på storgarden Gokstad i Sandar. Faren dreiv denne attåt han var skipper. Allereie då han var 10 år gammal vart han hyra til dekksgut på skipet faren førte. Frå 1850 til -62 var han sjølv skipper. Sidan var han brukar av Gokstad-garden, i tillegg var han kasserar i den lokale sparebanken frå 1878.

Perioden 1863-77 var han ordførar i Sandar, som då heitte Sandeherad, dessutan var han forlikskommissær. Tingperiodane 1871-73 og 1874-76 representerte han Jarlsberg og Larviks amt på Stortinget. Begge periodane var han medlem av næringskomite nr 2.

Klaveness døydde på Gokstad.

Kjelder

Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Ordførarar i Sandar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Folk frå Sandefjord