Guitar er eit album av Frank Zappa frå 1988. Det er ein oppfølgjar til Shut Up 'n Play Yer Guitar frå 1981. Albumet består av Zappa sine gitarsoloar frå konsertopptak mellom 1979 og 1984. Albumet gav Zappa den sjette Grammy-nominasjonen hans for beste rockeinstrumental.1989 Grammy Awards at rockonthenet.com – henta 24. august 2014

Bakgrunn Guitar vart opphavleg meint som ei trippelplate, slik Shut Up 'n Play Yer Guitar hadde vore, men Zappa valde å gje denne ut på CD. Albumet var det første Zappa samstundes gav ut på vinyl og CD. Den doble CDen vart gjeven ut av Rykodisc i USA og Zappa Records i Europa, med 32 spor, medan den doble LP-plata vart korta ned til 19 spor på Barking Pumpkin-etiketten til Zappa.

Bortsett frå «Watermelon in Easter Hay», «Sexual Harassment In The Workplace» og «Outside Now», er alle spora frå gitarsoloar i andre songar, slik det var på Shut Up 'n Play Your Guitar. Andre soloar var utdrag frå «The Black Page», «Let's Move to Cleveland», «Drowning Witch», «Zoot Allures», «Whipping Post», «City of Tiny Lites», «Advance Romance», «Hot-Plate Heaven at the Green Hotel», «King Kong», «Easy Meat», «Ride My Face to Chicago», «Sharleena», «A Pound for a Brown on the Bus» og «Inca Roads».

Namna på spora, som ikkje er knytt til dei originale songane, har mange referansar til popkulturen og verdshistoria. «Do Not Pass Go» syner til eit kort i brettspelet Monopol; «Jim & Tammy's Upper Room» referer til televangelisten Jim Bakker og kona Tammy Faye Messner; «Were We Ever Really Safe in San Antonio?», «Sunrise Redeemer» og «Hotel Atlanta Incidentals» syner til stader der desse stykka vart spelte; «Move It or Park It» er eit kvardagsuttrykk som kan uttrykke frustrasjon med ein fryktsam sjåfør; «Orrin Hatch on Skis» syner til senatoren Orrin Hatch; «But Who Was Fulcanelli?» syner til eit alias som franske forfattarar og alkymistar i Frankrike nytta på 1800-talet; «For Duane» syner til Duane Allman, sidan Zappa spelte «Whipping Post»; «GOA» .

«Chalk Pie» var tittelen på eit album Zappa hadde tenkt å gje ut i 1982. Songane frå dette albumet hamna på Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch og The Man from Utopia.ARF: Notes and Comments: GUITAR: Chalk Pie

«In-A-Gadda-Stravinsky» refererer både til Iron Butterfly sin «In-A-Gadda-Da-Vida» og komoponisten Igor Stravinsky, ein av inspirasjonskjeldene til Zappa. Under stykket spelar bassisten Scott Thunes det kjende motivet frå «In-A-Gadda-Da-Vida», medan Zappa speler ei linje frå Stravinsky sin Vårofferet.ARF: Notes and Comments: GUITAR: In-A-Gadda-Stravinsky

Innhald

Vinylversjon

Medverkande

Frank Zappa - gitar Ray White - gitar Steve Vai - gitar Tommy Mars - klaverinstrument Bobby Martin- klaverinstrument Ed Mann - perkusjon Scott Thunes - bassgitar Chad Wackerman - perkusjon Ike Willis - gitar Allan Zavod - klaverinstrument Denny Walley - gitar Warren Cuccurullo - gitar Arthur Barrow - bassgitar Vinnie Colaiuta - perkusjon Peter Wolf - klaverinstrument

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Guitar (album)» frå , den 23. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Frank Zappa-konsertalbum Kategori:Konsertalbum frå 1988 Kategori:Barking Pumpkin Records-album