Diva Muffin Zappa () er ein amerikansk artist og skodespelar, og det yngste barnet til musikaren Frank Zappa.

Bakgrunn Zappa vart fødd i Los Angeles som dotter av Frank og Gail Zappa. Ho har tre sysken, Moon Unit, Dweezil og Ahmet.

Ifølgje faren Frank fekk ho namnet Diva «på grunn av den høge stemma hennar. Ho kunne høyrast på 300 meter».

Diva Zappa spelte i den første filmen sin i 1998, Anarchy TV, i lag med dei eldre syskena hennar. Sidan den gongen har ho vore med i Children of the Corn V: Fields of Terror (1998), National Lampoon's Pledge This! (2006), og forskjellige fjernsynsseriar som Felicity, Brothers & Sisters og The Mighty Boosh.

I 1999 gav Zappa ut komediesingelen «When the Ball Drops». Tipper Gore spelte trommer på innspelinga og Kristen Gore song korvokal.

Zappa driv sitt eige selskap kalla «Hand Made Beauty» der ho sel sin sjølvdesigna og sjølvlaga klede. Kleda er hovudsakleg strikka eller hekla.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Diva Zappa» frå , den 24. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Nettstaden til Diva Zappa

Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:Frank Zappa Kategori:USA-amerikanske motedesignarar