FZ:OZ er eit konsertalbum av Frank Zappa, gjeve ut i 2002 som eit dobbeltalbum og den første utgjevinga på Vaulternative Records frå Zappa Family Trust. Det inneheld nesten heile konserten frå 20. januar 1976 ved Hordern Pavilion i Sydney i Australia.
Zappa hadde berre med seg ein lydbandopptakar, slik at det er nokre manglar i somme av songane når ein måtte skifte lydband. Desse hola er fylt med piratkopiinnspelingar frå den same turneen. Som følgje av dette vert kvaliteten tidvis noko dårlegare, men konserten er bevart i heilskapen sin.
Mange av songane var ikkje gjevne ut då opptaket vart gjort, som «Canard Toujours», som seinare vart «Let's Move to Cleveland» og fleire av songane som enda opp på Zoot Allures (1976). Ein av songane, «Kaiser Rolls», vart gjeve ut på FZ:OZ for første gongen.
Innhald
Medverkande Frank Zappa – gitar, vokal Terry Bozzio – trommer, vokal Napoleon Murphy Brock – tenorsaksofon, vokal Roy Estrada – bassgitar, vokal Andre Lewis – klaverinstrument, vokal Norman Gunston – munnspel (på «The Torture Never Stops»)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «FZ:OZ» frå , den 25. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Tekstar og detaljar
Kategori:Frank Zappa-konsertalbum Kategori:Konsertalbum frå 2002