William Martin «Billy» Joel () er ein amerikansk pianist, songar-låtskrivar og komponist. Etter at han gav ut den første hitten sin, «Piano Man», i 1973, vart Joel den sjette mestseljande artisten og den tredje mestseljande soloartisten i USA.Top Selling Artists. RIAA. Henta 8. juni 2012. Samlealbumet Greatest Hits Vol. 1 & 2 er den tredje mest selde plata i USA.
I 1970-, 1980-, og 1990-åra hadde Joel i alt 33 hittar i USA på topp 40-lista, alle skrivne av han sjølv. Han har vunne Grammyprisen seks gonger og vore nominert 23 gonger gjennom karrieren sin. Han har selt meir enn 150 millionar album verda over, noko som gjer han til ein av dei mestseljande artistane gjennom tidene.
Joel vart innlemma i Songwriters Hall of Fame (1992), Rock and Roll Hall of Fame (1999) og Long Island Music Hall of Fame (2006). I 2001 fekk Joel Johnny Mercer-prisen frå Songwriters Hall of Fame. I 2013 fekk Joel Kennedy Center Honors, den høgaste æresprisen i USA, for å ha påverka amerikansk kultur gjennom musikken sin. Med unntak av songane «All My Life» og «Christmas in Fallujah» i 2007, stoppa Joel å skrive og gje ut musikk i 1993 med River of Dreams. Han har likevel halde fram å turnere og spelar songar frå heile karrieren sin på konsertane.
Tidleg liv Joel vart fødd i The Bronx den 9. mai 1949 og voks opp i forstaden Hicksville i New York. Faren, Howard (fødd Helmuth), vart fødd i Tyskland, som son av den tyske handelsmannen Karl Amson Joel. Howard emigrerte til Sveits og seinare USA (via Cuba, sidan immigrasjonskvoter for tyske jødar hindra direkte immigrasjon på den tida) for å kome seg unna Nazi-regimet. Mor til Billy Joel, Rosalind Nyman, var fødd i England. Begge foreldra til Joel var jødar. Dei skilde seg i 1960 og faren flytta til Wien i Austerrike. Billy har ei syster, Judith Joel, og ein halvbror, Alexander Joel, som er dirigent i Europa og som i dag leier Staatstheater Braunschweig.Tallmer, Jerry (July 16–22, 2003). "Billy Joel grapples with the past". The Villager, 73 (11). Henta 26. august 2014.
Far til Joel var ein klassisk pianist. Billy byrja motvillig å lære seg piano i tidleg alder, etter at mora insisterte, og av lærarane hans var mellom andre den kjende amerikanske pianisten Morton Estrin"Past students of Morton Estrin" . mortonestrin.com. Henta 26. august 2014. og musikaren Timothy Ford. Som tenåring byrja Joel med boksing slik at han kunne forsvare seg sjølv. Han boksa med suksess i amatørmiljøet Golden Gloves ei kort stund, og vann 22 kampar, men slutta i sporten kort tid etter han braut nasa i den 24. boksekampen sin.
Joel gjekk på Hicksville High School fram til 1967, men fekk ikkje ta eksamen med klassen sin. Han hadde spelt piano i ein bar for å hjelpe mora å få endene til å møtast, noko som gjekk ut over skulegangen:"Billy Joel Interview." The Charlie Rose Show. PBS, 1993. mot slutten av det siste året hadde ikkje Joel nok vekttal til å få ta eksamen. I staden for å gå på sommarskule for å få vitnemålet sitt, valde Joel å spele musikk: «Eg sa til dei, 'Til helvete med det. Om eg ikkje skal gå til Columbia University, skal eg gå til Columbia Records, og du treng ikkje vitnemål over der.'»Bordowitz, Hank. Billy Joel: The Life and Times of an Angry Young Man. 2006: 22 Joel fekk faktisk etter kvart kontrakt med Columbia. I 1992 leverte han eit essay til skulestyret som gav han vitnemålet ved Hicksville High sin årlege eksamensfest, 25 år etter at han slutta.
Musikkarriere
Tidleg karriere Etter å ha sett The Beatles på The Ed Sullivan Show, avgjorde Joel at han skulle ha musikk som levebrød. I eit intervju sa han om innverknaden gruppa hadde: «Den eine framføringa endra livet mitt... fram til det hadde eg aldri tenkt på rock som ein karriere. Og då eg såg fire gutar som ikkje såg ut som dei kom frå stjernemølla i Hollywood, som spelte sine eigne songar og instrument, og særleg fordi du kunne sjå dette blikket til andletet til John Lennon -- og han såg ut som om han alltid sa 'F--- you!' -- sa eg: 'Eg kjenner desse fyrane, eg kan forholde meg til dei, eg er desse gutane.' Det er dette eg skal gjere -- spele i eit rockeband'.»Crandall, Bill. "10 musicians who saw the Beatles standing there". CBS News, February 6, 2014.
Som sekstenåring vart Joel med i The Echoes, ei gruppe som spesialiserte seg på å spele coverversjonar av songar frå Den britiske invasjonen. Då The Echoes vart populære i New York, slutta Joel på high school for å bli profesjonell musikar. The Echoes byrja å spele inn musikk i 1965. Billy Joel spelte òg piano på fleire plater gjevne ut på Kama Sutra Productions og innspelingar produsert av Shadow Morton. Joel spelte på ein demoversjon av «Leader of the Pack», som vart ein stor hit for The Shangri-Las.Billy Joel with Howard Stern on Sirius Radio Bluebird Reviews! 24. november 2010. Henta 26. august 2014.
Seint i 1965 endra The Echoes namn til The Emeralds og så til The Lost Souls. Joel slutta i bandet i 1967 for å bli med i The Hassles, ei gruppe frå Long Island som hadde fått kontrakt med United Artists Records. Det neste halvtanna året gav dei ut fire singlar og to album (The Hassles og Hour of the Wolf). Ingen av dei selde noko. Joel og trommeslagaren Jon Small slutta i the Hassles i 1969 for å danne duoen Attila, som gav ut debutalbumet sitt i juli 1970. Duoen vart oppløyst oktober same året då Joel hamna i eit forhold med kona til Small, Elizabeth, som Joel etter kvart gifta seg med.
Cold Spring Harbor Joel fekk kontrakt med plateselskapet Family Productions (eigd av Artie Ripp), der han spelte inn det første soloalbumet sitt, Cold Spring Harbor (som syner til Cold Spring Harbor i New York, ein by på Long Island). Det kom ut i 1971 og var teknisk og kommersielt skuffande.
Dei populære songane «She's Got a Way» and «Everybody Loves You Now» vart opphavleg gjeve ut på dette albumet, men vart ikkje kjende før dei vart gjevne ut som konsertopptak på Songs in the Attic (1981). Columbia gav ut ein nymastra versjon av Cold Spring Harbor i 1984, som då nådde 158. plass i USA og 95. plass i Storbritannia.
Medan han spelte lokalt i New York City hausten 1971, byrja ein radiostasjon i Philadelphia å spele eit konsertopptak av «Captain Jack», som vart ein undergrunnshit på austkysten. Herb Gordon, ein sjef for Columbia Records, høyrte musikken til Joel og introduserte han for selskapet. Joel skreiv platekontrakt med Columbia i 1972 og flytta til Los Angeles, der han budde i tre år (tid han no angrar på).Erlewine, Stephen Thomas (2006). «[ Billy Joel Biography]. Allmusic. Henta 26. august 2014. I seks månader arbeidde han ved The Executive Room pianobar på Wilshire Boulevard som «Bill Martin», og skeiv der signaturlåten sin «Piano Man» om faste kundar i baren. Det året turnerte Joel med bandet sitt (Rhys Clark på trommer, Al Hertzberg på gitar og Larry Russell på bass) gjennom USA og Puerto Rico, og varma opp for grupper som J. Geils Band, The Beach Boys og Taj Mahal. Konserten til Joel på Mar Y Sol Pop Festival på Puerto Rico vart særleg godt motteken og interessa for musikken hans auka.
Tidlege Columbia-år: 1973–1976 Trass i at Joel hadde fått ny kontrakt, var han framleis bunden til Family Productions. Ripp selde den første kontrakten til Joel til Columbia mot at logoen til Family Productions skulle plasserast ved sidan av logoen til Columbia på den neste ti albuma til Joel, og at Ripp skulle få honorar for kvar plate som vart seld. Walter Yetnikoff, sjefen for CBS/Columbia Records på den tida, kjøpte attende rettane til songane til Joel seint i 1970-åra, og gav rettane til Joel som ei gebursdagsgåve.The Last Play at Shea (documentary film). 2010. Interview with Yetnikoff.The Last Play at Shea (2010). 28. oktober 2010. New York Times. Yetnikoff seier i dokumentaren The Last Play at Shea at han måtte truge Ripp for å avslutte avtalen.
Det første albumet til Joel med Columbia var Piano Man, som kom ut i 1973. Trass i moderate salstal, vart tittelsporet på Piano Man signaturlåten hans, og enda nesten kvar einaste konsert. Det året gjorde Joel endringar i turnébandet sitt. Gitaristen Al Hertzberg vart erstatta av Don Evans og bassisten Larry Russell av Patrick McDonald, som igjen vart erstatta seint i 1974 av Doug Stegmeyer, som Joel heldt seg med fram til 1989. Rhys Clark kom attende som trommeslagar og Tom Whitehorse som banjogitarist og pedalsteelgitarist. Johnny Almond kom med som saksofonist og klaverspelar. Bandet turnerte mykje i USA og Canada, og spelte på fleire populære musikkshow. Låtane til Joel fekk stadig meir merksemd og i 1974 spelte Helen Reddy inn «You're My Home» (Piano Man).
Joel spelte inn eit nytt album i Los Angeles: Streetlife Serenade. Manageren hans var Jon Troy, ein gamal ven frå nabolaget Bedford-Stuyvesant i New York. Troy vart kort tid etter erstatta av kona til Joel, Elizabeth. Streetlife Serenade inneheld referansar til forstader og bykjerne. Det er kanskje mest kjend for «The Entertainer», som nådde 34. plassen i USA. Joel mislikte at «Piano Man» vart korta ned for radio, og skreiv «The Entertainer» som eit sarkastisk svar: «If you're gonna have a hit, you gotta make it fit, so they cut it down to 3:05.» Sjølv om Streetlife Serenade ofte vert rekna som eit av dei svakare albuma til Joel (han mislikar det sjølv), inneheld det dei kjende songane «Los Angelenos» og «Root Beer Rag», ein instrumental som var fast på konsertane hans i 1970-åra.
Seint i 1975 spelte han piano og orgel på fleire spor på Bo Diddley sitt The 20th Anniversary of Rock 'n' Roll.
Desillusjonert med L. A. flytta Joel heim att til New York i 1976 og spelte inn Turnstiles, det første albumet han spelte inn med ei gruppe handplukka musikarar som vart Billy Joel Band. Albumet vart produsert av James William Guercio (då produsent for Chicago), og Turnstiles vart først spelt inn ved Caribou Ranch med medlemmar av bandet til Elton John. Joel var misnøgd med resultatet og spelte inn songane på ny og produserte albumet på eiga hand.
«Say Goodbye to Hollywood» vart ein mindre hit. Ronnie Spector spelte inn ein versjon av songen og det same gjorde Nigel Olsson, som då var trommeslagar for Elton John. I 2008 sa Joel at han ikkje lenger spelar denne songen fordi dei lyse tonane øydelegg stemmebanda hans. Han spelte likevel songen for første gong sidan 1982 i mai 2014. Sjølv om songen aldri vart gjeven ut som singel er «New York State of Mind» ein av dei mest kjende songane til Joel. Barbra Streisand og Tony Bennett har begge spelt inn denne songen (Bennett i duett med Joel på Playing with My Friends: Bennett Sings the Blues). Andre kjende songar frå albumet er «Summer, Highland Falls», «Miami 2017 (Seen the Lights Go Out on Broadway)», «Say Goodbye to Hollywood", (eit konsertopptak vart ein hit) og «Prelude/Angry Young Man».
The Stranger og 52nd Street Columbia Records introduserte Joel for Phil Ramone, som produserte alle studioalbuma til Joel frå The Stranger (1977) til The Bridge (1986). The Stranger vart ein enorm salssuksess med fire hittar på topp 25 på Billboard-lista: «Just the Way You Are» (#3), «Movin' Out (Anthony's Song)» (#17), «Only the Good Die Young» (#24) og «She's Always a Woman» (#17). The Stranger vart det første albumet hans på topp 10 og selde til fleire platinaplater og nådde til slutt andreplassen på lista, og selde meir enn Simon & Garfunkel sitt Bridge Over Troubled Water, som tidlegare hadde vore det mestseljande albumet til Columbia.
The Stranger vann Grammyprisen for årets album og «Just the Way You Are»—skriven for den første kona til Joel, Elizabeth Weber, vann prisen for årets song. På turné i Paris fekk Joel meldinga om desse prisane på hotellrommet sitt. Rolling Stone har rangert The Stranger som det 70. beste albumet gjennom tidene.