Paul Van Haver (), betre kjend som Stromae, er ein franskspråkleg artist og låtskrivar av belgisk-rwandisk opphav. Han er best kjend for musikk med påverknader frå hip-hop og elektronisk musikk. Stromae blei fyrst kjend med songen «Alors on danse», som låg på fyrsteplass på hitlistene i fleire veker i ei rekkje land i Europa.
Biografi Paul Van Haver vart fødd i Brussel og voks opp i Laeken i byen. Far hans, arkitekten Pierre Rutare var ein tutsi frå Rwanda, medan mora, Miranda van Haver, var flamsk. Han og syskena blei hovudsakleg oppseda av mora. Faren blei drepen under det rwandiske folkemordet i 1994 medan han vitja familien.
I ein alder av elleve viste Paul Van Haver allereie interesse for musikk og gjekk på l'Académie Musicale de Jette, der han studerte musikkhistorie og lærte å spele trommer. Tidleg musikalsk påverknad omfatta Jacques Brel, son cubano og kongolesisk rumba.
I 2000 opptredde han som rappar under artistnamnet Opmaestro, som han seinare endra til Stromae («Maestro»). Flyttinga av bokstavane er ei form for fransk slang kjend som verlan. Det var under dette aliaset van Haver blei kjend.
Som attenåring grunnla Stromae ei rapgruppe som heite Suspicion, saman med rapparen «Jedi» i Eichof. Deo produserte blant anna songen og musikkvideoen «Faut que t'arrête le rap». Jedi bestemte seg for å forlate rapduoen litt seinare.
For å finansiere den private vidaregåande utdanninga si jobba van Haver deltid i turistnæringa. Det var fyrst seinare, då han hadde byrja på l' Institut National de Radioélectricité et Cinématographie, at han gav ut sitt fyrste album, Juste un cerveau, un flow, un fond et un mic.
I 2008 signerte han ei 4-års platekontrakt med Because Music og Kilomaître. I 2009 jobba Paul som læregut ved den musikalske radiostasjonen NRJ Brussel. Vincent Verbelen, Music Manager, blei imponert over talentet til Stromae då han høyrde hans fyrste singel «Alors on danse», og bestemte seg for å lufte låta på NRJ for fyrste gong. Responsen frå lyttarane var av ein ekstrem entusiasme. Salet steig raskt til nummer éin i Belgia i løpet av berre nokre få veker. Vertigo Records, ein etikett med Mercury Records Frankrike (Universal Music Group), signerte han for ein verdsomspennande lisensieringsavtale kort tid etter dette.
I mai 2010 hadde han nådd fyrsteplass på hitlistene i Hellas, Nederland, Tyskland, Austerrike, Sveits, Italia, Danmark, Belgia og Tsjekkia.
Diskografi Studioalbum Cheese (2010) Racine carrée (2013) Multitude (2022)
EP-ar Juste un cerveau, un flow, un fond et un mic… (2007)
Mixtapar Freestyle Finest (2006) Mixture Elecstro (2009)
Videoalbum Racine carrée Live (2015)
Merknadar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
«Alors on danse» på YouTube
Kategori:Belgiske songarar Kategori:Belgiske låtskrivarar Kategori:Folk frå Brussel