Kivledalen er ein dal i Seljord kommune i Telemark. Han ligg mellom fjella Skorve og Hattefjell.

Busetnad Den fyrste kjende busetnaden blei etablert på 1500-talet på hovudbølet. Det ligg fleire småbruk i dalen. Desse var i dagleg drift fram til slutten av førre hundreåret. Det er i dag ca. 15 fastbuande i dalen.

Segn Det finst fleire segner knytt til Kivledalen, mest kjend er segna om Kivlemøyane. Ifølgje segna skal det ha lege ei kyrkje på Nystaulækrun.

Rekreasjon Kivledalen er ein velkjend rekreasjonsstad for folk frå Seljord. Det er merka turløyper til Gøysen (1370 moh.) via Listaul og Nordnibba (1360 moh.) via Skrovestaul. Om vinteren er det preparerte skiløyper til Lomma og Manndal.

Kraftutbygging I 2001 fekk Olav Kåsa konsesjon til å bygge minikraftverk i Hovuddukfossen. Dette bygget stod ferdig i 2003.

Kjelder

Kategori:Geografi i Seljord Kategori:Dalar i Telemark