Gamma Pegasi (γ Peg) eller Algenib er ei stjerne i stjernebiletet Pegasus, i nedre venstre hjørne av asterismen Den store firkanten. Det tradisjonelle namnet Algenib er òg eit anna tradisjonelt namn for Mirfak. Den tilsynelatande storleiksklassen er +2,84 som gjer ho til den fjerde mest lyssterke stjerna i stjernebiletet. Avstanden frå jorda er kring 390 lysår med ein feilmargin på 5 %.

Stjerna er stor med nesten ni gonger solmassen og nær fem gonger solradien. Spektralklassen B2 IV indikerer at ho er ei subkjempestjerne som er i ferd med å brenne opp hydrogenet i kjernen og utvikle seg bort frå hovudserien. Gamma Pegasi har ein total luminositet på 5 840 gonger sola sin, med ein effektiv temperatur i den ytre atmosfæren på meir enn 21 000 K. Med denne temperaturen har stjerna ein blåkvit farge.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gamma Pegasi» frå , den 29. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Pegasus Pegasi, Gamma Kategori:Subkjemper klasse B Kategori:Beta Cephei-variabel