mini|Udo Beyer i 1980 Udo Beyer () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Eisenhüttenstadt som tevla i kulestøyt for Aust-Tyskland. Han vart olympisk meister i 1976 og europeisk meister både i 1978 og 1982. Beyer høyrde til verdseliten i kulestøyt i femten år, frå midt på 1970-talet til 1990.
Aktiv Beyer vart i 1973 europameister i kulestøyt for juniorar. Året etter deltok han i EM i Roma og vart nummer åtte, tidlegare i 1974-sesongen hadde han sett personleg rekord med 20,20 m.
Under sommarleikane 1976 i Montreal vann Beyer ei jamn kuletevling med to centimeters forsprang til sølvvinnaren Jevgenij Mironov frå Sovjetunionen. Året etter vann han kuletevlinga i den fyrste verdscupen for lag. Med sterke 21,74 m var han langt over meteren føre andremann.
Den 6. august 1978 sette Beyer ny verdsrekord i kulestøyt med 22,15 m. Nokre veker seinare vart han europameister i Praha, som i OL 1976 framom Jevgenij Mironov. Fire år seinare forsvarte Beyer EM-tittelen på suverent vis, då han slo sølvmedaljøren Janis Bojars frå Sovjetunionen med heile 69 cm. I mellomtida hadde han teke bronsemedaljen under sommar-OL 1980 i Moskva.
Sommaren 1983 forbetra Beyer verdsrekorden til 22,22 m, men klarde ikkje betre enn 20,09 m i friidretts-VM i Helsingfors og vart nummer seks i meisterskapen. Ettersom Aust-Tyskland boikotta OL 1984 i Los Angeles, deltok ikkje Beyer i leikane.
Beyer gjorde sitt liv lengste støyt og sette verdsrekord med 22,64 m den 20. august 1986. Han var såleis i fyrste rekke mellom favorittane i EM-finalen i Stuttgart åtte dagar etter. Han lukkast ikkje heilt, med 20,74 m i sluttprotokollen tok han rett nok bronse, men hamna langt bak europameisteren Werner Günthör frå Sveits og sin eigen landsmann Ulf Timmermann. Beyer deltok i sitt tredje OL i 1988, og trass i gode 21,40 m måtte han nøye seg med ein fjerdeplass.
Beyer vart austtysk meister elleve år på rad, 1977-87. Han vann kule i Europacupen for lag tre gongar etter kvarandre; 1977, 1979, 1981.
Etter 1992-sesongen la han opp som aktiv.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1974 i Roma: Nr 8 – 19,63 m OL 1976 i Montreal: Gullmedalje – 21,05 m, framom Jevgenij Mironov (21,03 m) EM 1978 i Praha: Gullmedalje– 21,08 m, framom Jevgenij Mironov (20,87 m) OL 1980 i Moskva: Bronsemedalje – 21,06 m EM 1982 i Aten: Gullmedalje – 21,50 m, framom Janis Bojars (20,81 m) VM 1983 i Helsingfors: Nr 6 – 20,09 m EM 1986 i Stuttgart: Bronsemedalje – 20,74 m VM 1987 i Roma: Nr 6 – 21,13 m OL 1988 i Seoul: Nr 4 – 21,40 m EM 1990 i Split: Nr 5 – 20,21 m OL 1992 i Barcelona: Utslått i kvalifiseringa (18,47 – nr 19)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Udo Beyer» frå , den 30. august 2014.
World Athletics
Kategori:Tyske kulestøytarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske meistrar for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992