«A Matter of Trust» er ein song av Billy Joel gjeve ut som den andre singelen frå albumet The Bridge i 1986.

Songen var den andre singelen som nådde topp 10 frå albumet i USA, etter den første singelen frå albumet, «Modern Woman.» I musikkvideoen til songen spelar Joel i ein bygning i Greenwich Village i New York City og syner forskjellige folk i byen som etter kvart kikar inn gjennom vindauga i bygningen og ser Joel spele. Den dåverande kona hans, Christie Brinkley, er med i videoen og held dottera deira, Alexa. Songen skil seg frå mange andre Joel-songar fordi han er basert på elektrisk gitar i staden for piano, som var hovudinstrumentet til Joel.

Lister Liste (1986)PlasseringAustralia3Canada15New Zealand48Polen3Sør-Afrika3UK Singles Chart52U.S. Billboard Hot 10010U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks17U.S. Billboard Mainstream Rock Tracks14

Kjelder Denne artikkelen bygger på «A Matter of Trust» frå , den 31. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1986 Kategori:Singlar frå 1986 Kategori:Billy Joel-songar Kategori:Songar skrivne av Billy Joel Kategori:Songar produserte av Phil Ramone Kategori:Musikkvideoar regisserte av Russell Mulcahy