mini|Kverneland vendeplog. Kverneland Group er ein norsk fabrikant av landbruksutstyr, særleg av plogar. Selskapet er eit av verdas største på sitt område, og vart etablert av Ole Gabriel Kverneland (1854-1941) i 1879.

Hovudkontoret ligg i Klepp kommune, i tettstaden Kvernaland, og Kverneland har om lag 2 300 tilsette på verdsbasis. Konsernet har fabrikkar i Noreg, Danmark, Tyskland, Nederland, Frankrike, Italia, Russland og Kina.

Kverneland var ei familiebedrit til ho vart notert på Oslo Børs i 1983. I 1989 vart Kverneland ASA stifta som akssjelskap. Frå midten av 1990-talet vart selskapet utvida gjennom kjøp av andre landbruksutstyrsfabrikantar i Europa. Då hadde det allereie kjøpt opp Globus Maskinfabrikk i Brumunddal i 1955, Plovfabrikken Fraugde i Odense i 1973, Kyllingstad Plogfabrikk på Kleppe i 1984 og Underhaugs Fabrikk på Nærbø i 1986. I 2012 fekk Kverneland Group det japanske føretaket Kubota som eigar. Selskapet vart teke av Oslo Børs i mai 2012.Odd Pihlstrøm: Kubota vil doble plogproduksjon på Jæren , Stavanger Aftenblad, 29. juni 2012

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff Kverneland Group

Kategori:Norske føretak Kategori:Norske fabrikkar Kategori:Jæren Kategori:Skipingar i 1879 Kategori:Jordbruksmaskinprodusentar