Fantasies & Delusions er det første (og så langt einaste) albumet med klassiske komposisjonar av Billy Joel, gjeve ut i 2001. Stykka vart framført av Richard Joo, ein ven av Joel. Albumet vart opphavleg spelt inn i Cove City Sound Studios i Glen Cove i New York, medn hjelp av produksjonskoordinator Bill Zampino og Richie Cannata. Albumet vart spelt inn på ny i Wien i Austerrike, før det kom ut.
Det var det 19. albumet til Joel som gjekk inn på Billboard 200, og nådde 83. plass i oktober 2001.
Innhald
Symphonic Fantasies I 2003 møtte pianisten Jeffrey Biegel Joel for å bestille ein pianokonsert. Som eit alternativ føreslo Joel at Biegel kunne skape ein pianokonsert med stykka frå Fantasies and Delusions. Biegel gjorde dette, og nytta fire av stykka: «Fantasy (Film Noir)», «Sorbetto», «Reverie (Villa d'Este)» og «Nunley's Carousel Waltz». Etter Biegel hadde skrive pianodelen, komponerte Philip Keveren orkesterdelane. Verket fekk tittelen «Symphonic Fantasies for Piano and Orchestra», og hadde premiere 24. juni 2006 i Greensboro i Nord-Carolina.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fantasies & Delusions» frå , den 3. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 2001 Kategori:Billy Joel-album Kategori:Sony Classical-album Kategori:Columbia Records-album Kategori:Instrumentalalbum Kategori:Klassiske musikkalbum