Maksim Vladimirovitsj Tarasov () er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Jaroslavl. Han deltok i stavhopp for Sovjetunionen og seinare Russland, og vart olympisk meister i 1992, europameister i 1998 og verdsmeister i 1999. Bestenoteringa hans er på 6,05 meter, berre verdsrekordhaldaren Serhij Bubka hoppa høgre før 2008.

Aktiv Tarasov tok bronsemedaljen under friidretts-VM 1991, der Bubka vann sitt tredje strake VM-gull. Året etter vart Tarasov olympisk meister i Barcelona. Både under VM 1993 og 1995, då Bubka tok nye VM-titlar låg Tarasov like under, med bronse i -93 og sølv i -95. I 1997-sesongen sette han personleg rekord då han svinga seg over 6 meter. Under VM 1997 i Aten gjekk han over 5,96 m og tok sølv, atter vart Bubka for dyktig med sine 6,01 m.

I 1998 vart Tarasov europameister i Budapest, i ei tevling utan dei store prestasjonane. Derimot imponerte han stort då han året etter svinga seg over 6,02 m under verdsmeisterskapen i Sevilla og tok ein klar siger. Elles i 1999 gjorde han sitt livs beste stavhopp då han persa med 6,05 m. Under OL 2000 avslutta han karrieren med å vinne si åttande medalje i ein av dei store meisterskapane; VM, OL og EM.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1991 i Tokyo: Bronsemedalje – 5,85 m OL 1992 i Barcelona: Gullmedalje – 5,80 m, framom Igor Trandenkov (5,80 m) VM 1993 i Stuttgart: Bronsemedalje 5,80 m, delt med Igor Trandenkov VM 1995 i Göteborg: Sølvmedalje 5,86 m, bakom Sergej Bubka (5,92 m) VM 1997 i Aten: Sølvmedalje 5,96 m, bakom Sergej Bubka (6,01 m) EM 1998 i Budapest: Gullmedalje – 5,81 m, framom Tim Lobinger (5,81 m) VM 1999 i Sevilla: Gullmedalje 6,02 m, framom Dmitri Markov (5,90 m) OL 2000 i Sydney: Bronsemedalje – 5,90 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Maxim Wladimirowitsch Tarassow» frå , den 4. september 2014.

World Athletics

Kategori:Sovjetiske stavhopparar Kategori:Russiske stavhopparar Kategori:Olympiske meistrar for SUS Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Russland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Folk frå Jaroslavl